For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Viktig informasjon

Før opplæringa tek til

Set deg inn i kva som ligg i opplæringa. Ei god planlegging av korleis opplæringa bør gjennomførast, vil vere til det beste for deg. For at du skal få øvd nok, vil mesteparten av øvelseskjøringa måtte skje privat. Ei god privat øving forutset eit tettare samarbeid mellom trafikkskule, elev og ledsager! Det vil gje deg både økonomisk og fagleg utbyte.

 

  • Delta på vårt gratis ledsagerkurs!

 

Statens Vegvesen har gitt ut ei rettleiing om opplæring, øvingskjøring og mengdetrening til deg som skal ta førarkort i klasse B. Last ned brosjyren under.

 

 

Last ned

Opplæringa

Ny føraropplæring blei innført 01.01.2005. Opplæringa består av fire trinn. For meir informasjon, sjå dei forskjellige førarkortklassane.

 

Å ha nådd måla på eit trinn er en føresetnad for å ha godt utbytte av opplæringa på neste trinn. For å få ei effektiv opplæring, er det viktig med gode teorikunnskaper. Ha derfor tidleg fokus på teorien.

 

Me tilbyr teoriundervisning i både trinn 2 og trinn 3. Sjå våre kurs.

Ledsagerkurs

Eit ledsagerkurs vil vere nyttig. Kurset skal vere til hjelp for å kunne få ei best mogleg øving heime.

 

 

Kva må du ha med når du øvingskjører?

Bevis for fullført trafikalt grunnkurs og gyldig legitimasjon, eller førarkort i anna klasse om du har.

 

Når du har fullført trafikalt grunnkurs kan du finne beviset ditt hos Statens vegvesen - din side.

Avbestilling/endring av avtalar

Avbestilling/endring av timar/avtalar må skje seinast 2 kvardagar før avtale. Då ringer du eller sender SMS til læraren din.

 

Avbestilling/endring av kurs (Trafikalt grunnkurs/teoriundervisning etc.) må skje seinast 1 veke før oppstart. Dette gjer du til skulen sitt kontor ved enten å ringe oss eller sende melding.

Førarprøven

Førarprøven består av ein teoretisk og ein praktisk del. I nokre klassar, AM146 (moped), AM147 og S er kun teoretisk prøve, medan i klasse BE, C1E, D1E og DE er det kun praktisk prøve.

I klassar med krav om begge deler, skal teoriprøven vere bestått før praktisk prøve kan bestillast.

 

Du må søke om førarkort før du kan ta teoriprøven. Når søknaden din er registrert, kan du ta prøven.

 

Når du har greidd teoriprøven gir du fullmakt til STORD TRAFIKK hos Statens vegvesen - din side.

 

Før praktisk førarprøve (oppkjøring) kan bestillast må søknad om førarkort vere godkjent av trafikkstasjonen. Så søk difor i god tid.

 

Førarprøven skjer på Statens vegvesen sine trafikkstasjonar.

 

 

Statens vegvesen - Stord trafikkstasjon

Kontaktinformasjon, adresse og opningstider finn du her.

 

Drop in teori
Måndag 09.00 – 13.00

Onsdag og fredag 08.00 – 13.00

 

Gebyr for teoretisk og praktisk førarprøve.

 

Hugs gyldig legitimasjon!

 

Lykke til!

Nyttig informasjon for elev og ledsager