For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Tips til deg som ledsager

Tips til deg som ledsager

Står du på trappene til å bli ledsager for første gong? Du har kanskje eit barn, ein venn eller ein kjenning som ønsker di hjelp?  Det er eit viktig arbeid du då tek på deg. For somme er det berre spennande og kjekt, for andre kan det vera utfordrande og skremmande.

 

Å ta «lappen» er for mange ein av dei store milepælane i livet, men ikkje alle har moglegheit til å øva heime. Somme har ikkje ein person som kan vera privat ledsager, andre føler seg ikkje komfortable i denne rolla. Enkelte - både ledsagerar og elevar - gruar seg til å starta.

 

Vår jobb i STORD TRAFIKK er, i tillegg til opplæringa hos oss, å hjelpa til slik at de får ei god øving heime. Eit godt samarbeid mellom elev, ledsager og STORD TRAFIKK gir eit høgare fagleg utbyte av opplæringa, og bidrar til færre kjøretimar hos STORD TRAFIKK. Start samarbeidet tidleg! Det gir dykk meir tid til viktig øving heime!

 

 

Ver med på kjøretimar

Ta deg tid til å vera med på kjøretimar. Her observerer du frå baksetet og får nyttige tips om kva som må øvast, og korleis øvinga går fram. Di deltaking gjer jobben din heime meir effektiv og enklare. Me ser deg gjerne hos STORD TRAFIKK!

 

 

Ikkje øv på alt samstundes

Sett deg inn i opplæringsmodellen og kva som bør fokuserast på til ei kvar tid. Opplæringa følgjer ein plan, og det er avgrensa kva eleven kan klara i starten. Bilbehandling kjem først, og startar du for tidleg med adferd i trafikken og vurdering av trafikale situasjonar, kan det bli for mykje for eleven.

 

 

Ledsagerkurs

Eit ledsagerkurs vil vere nyttig. Kurset skal vere til hjelp for å kunne få ei best mogleg øving heime.

 

 

Krav til ledsager

Som ledsager må du vera fylt 25 år, og hatt førarkort

samanhengande dei siste 5 åra for kjøretøy i klassen det skal

øvingskjørast i.

 

Hugs og ekstra speil!

 

 

Ta kontakt med STORD TRAFIKK for veiledning og tips!

 

 

Last ned

Lenkjer