For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Tips til deg som elev

STORD TRAFIKK har som mål at du blir ein trygg og sjølvstendig sjåfør. Her er våre tips for å gjera ferda mot førarkortet så effektiv som mogleg:

 

 

Start tidleg!

For å bli ein god sjåfør, er det viktig å øva. Me rår deg derfor til å starta kjøreopplæringa tidleg. Ta trafikalt grunnkurs når du er blitt 15 år og start øvingskjøringa saman med oss og din private ledsager når du er blitt 16 år. Opplæringa tek utgangspunkt i kva du kan frå før – og så byggjer me på det. Kor mange kjøretimar du treng på vegen til førarkortet, kjem an på kor fort du lærer og kor mykje du øver heime.

 

 

Lær hos oss – Øv heim

Den private øvingskjøringa bør følgja ein plan. Lær øvingane saman med oss, og øv deretter heime til du kan dei.

 

 

Ta ledsageren din med på timar

Eit godt samarbeid mellom elev, ledsager og STORD TRAFIKK gir deg eit høgare fagleg utbyte av opplæringa, og bidrar til at du treng færre kjøretimar med STORD TRAFIKK.

Ta difor gjerne ledsageren din med på kjøretimar hos oss. Ledsager vil då sjå korleis opplæringa blir gjennomført og vil kunne bidra til at øvingskjøringa heime blir av god kvalitet, effektiv og trygg. 

 

 

Få viktig erfaring gjennom mengdetrening

Når du har gjennomført opplæringa hos oss, og deretter øver mykje heime fram til førarprøven, kallar me det mengdetrening. Denne treninga gir viktig erfaring før du skal ut på eiga hand. Statistikk syner at høg ulykkesrisiko i stor grad heng saman med lite kjøreerfaring. For å redusera risikoen, er det derfor viktig å kjøra mykje før førarprøven.

 

 

Hald deg oppdatert på teorien

For å få best mogleg utbyte av kjøretimane hos oss er det smart å lesa seg opp på aktuell teori før du går i gang med eit nytt trinn i den praktiske opplæringa. Ta gjerne også ein kikk på teorien undervegs i kvart enkelt trinn. Me hjelper deg gjerne med teorikurs både til trinn to og tre.

 

Nyttig informasjon for elev og ledsager