For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Ta teoritestar på nett

Vegen til førarkortet handlar ikkje berre om å kjøra eit kjøretøy. Det blir i tillegg stilt krav til gode teorikunnskapar. Jo betre teoretisk forståing du har, jo enklare får du det i bilen.

 

Korleis du tileignar deg kunnskapen vel du sjølv. Mykje kan du nok allereie som fotgjengar og som passasjer i bil og buss. Spesielt då trafikkreglar og trafikal forståing. Kunsten er å vera nysgjerrig og å nytta dei rundt deg ved spørsmål. Men hugs at dei med førarkort ikkje alltid vil kunna gi deg det «rette svaret».

 

Bli med på kurs hos STORD TRAFIKK og du sparer deg for både tid og pengar! Dette er det mange som har erfart.

 

Ta kontakt med oss for råd og hjelp til ei god og effektiv læring!

 

Under finn du nokre lenker om du vil testa teorikunnskapane dine! Dei du må betale for er dei beste.

 

 

Test deg sjølv her!

Nyttig informasjon for elev og ledsager