For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Førarkortklassar

Klasse B (personbil)

 

Trinn 1 Trafikalt grunnkurs
Trinn 2 Grunnleggande kjøretøy - og kjørekompetanse
Trinn 3 Trafikal del
Trinn 4 Avsluttande opplæring

 

Før du kan ta kjøretimar eller øvingskjøra, må du ha tatt trafikalt grunnkurs. Når du har fullført kurset, får du eit bevis som gir deg rett til å øvingskjøra.

 

Har du tatt trafikalt grunnkurs, men manglar bevis, logg deg inn på Din side hos Statens Vegvesen og finn det digitalt.

 

Les meir om:

 

 

 

Hovudmål for opplæringa

Eleven skal ha dei kunnskapar og ferdigheiter, den sjølvinnsikt og risikoforståing, som er nødvendig for å kjøra på ein måte som

  • er trafikksikker
  • gir god samhandling
  • fører til god trafikkavvikling
  • tar omsyn til helse, miljø og andre sine behov
  • er i samsvar med gjeldande regelverk

 

 

Trinn 1 Trafikalt grunnkurs

Kva lærer du på trafikalt grunnkurs?

 

  • Trafikkopplæringa

  • Trafikk og førarrolla

  • Mennesket i trafikken og samhandling

  • Trafikkopplæring, øvingskjøring og kjøreerfaring

  • Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp

  • Tiltak ved trafikkulykke

Personer over 25 år er fritatt frå dei fire første delane av kurset.
Plikter ved trafikkuhell og førstehjelp, tiltak ved trafikkulykke og trafikant i mørket (mørkedemo)
må gjennomførast uansett alder før praktisk førarprøve kan avleggast hos Statens Vegvesen. Personar med gyldig førarkort i annan klasse er fritatt frå trafikalt grunnkurs.

 

 

Trinn 2 Grunnleggande kjøretøy- og kjørekompetanse

Dette er starten på den praktiske opplæringa og hovudtreninga skal vera retta mot kjøretøyet og teknisk bilbehandling.

 

Etter at eleven har gjennomført trinn 2 skal eleven ha den kompetansen som er nødvendig for å ha godt utbytte av trafikal opplæring i trinn 3.

 

Kva lærer du i trinn 2?

 

  • Førarkort og trafikkopplæring
  • Bilen si oppbygging med tanke på sikkerheit og miljø
  • Eigar og brukar sitt ansvar for kjøretøyet sin stand og bruk, økonomisk ansvar, offentlege reaksjonar og plikter ved trafikkuhell
  • Mennesket sin kapasitet og trafikken sine krav
  • Å gjera seg klar for kjøring
  • Igangsetting og stans
  • Giring, akselerasjon, styring og bremsing
  • Rygging, vending og parkering
  • Grunnleggande kjøretøybehandling under samanhengande kjøring
  • Sikkerheitskontroll av bilen
  • Obligatorisk trinnvurdering

Eleven skal ha så god teknisk kjøreferdigheit at merksemda kan flyttast frå eige kjøretøy til trafikkbildet og samhandlinga med andre trafikantar. I tillegg skal eleven vurdera si eiga ferdigheit i å bruka bilen og oppdaga manglar ved bilen.

 

 

Trinn 3 Trafikal del

Etter at eleven har gjennomført trinn 3 skal eleven ha den kompetansen som er nødvendig for å ha godt utbytte av avsluttande opplæring i trinn 4.

 

Gjennom opplæringa i trinn 3 skal eleven læra seg å kjøra tydeleg, sikkert og sjølvstendig i variert trafikk.

 

Kva lærer du i trinn 3?

 

  • Trafikksystemet, trafikantgrupper, interessemotsetningar og privatbilismen i et miljøperspektiv
  • Veg, vegoppmerking, skilt og anna trafikkregulering
  • Tydeleg, sikker og effektiv åtferd i trafikken
  • Systematisk og automatisert informasjonsinnhenting
  • Kjøring i bustad- tettstad- og bymiljø
  • Kjøring i landevegsmiljø
  • Kjøring i kø, tunnel og i mørke
  • Effektiv, økonomisk og miljøvennleg kjøring i variert miljø og i god samhandling med andre trafikantar
  • Obligatorisk trinnvurdering
  • Obligatorisk sikkerheitskurs på øvingsbane

Eleven skal kjøra tydeleg, sikkert og sjølvstendig i variert trafikk. I tillegg skal eleven kunna vurdera sin eigen kompetanse til å kjøra bil i trafikk.

 

 

Trinn 4 Avsluttande opplæring

Etter å ha gjennomført trinn 4, skal eleven ha den kompetansen som er nødvendig for å kunna kjøra bil i samsvar med hovudmålet.

 

Eleven skal gjennomføra:

 

Obligatorisk sikkerheitskurs på veg med desse delane:

 

  • Del 1: Bilkjøringa si risiko
  • Del 2: Kjøring i landevegsmiljø
  • Del 3: Avsluttande kjøring i variert trafikkmiljø
  • Del 4: Refleksjon og oppsummering

Eleven skal gjennom oppleving og erfaring vidareutvikla sin kompetanse til å unngå ulykker. Eleven skal utvikla evne til refleksjon, til å ta andre sitt perspektiv og til å velja kjøremåtar med låg risiko.

 

 

Førarprøve

Førarprøven består av ein teoretisk og ein praktisk del v/Statens vegvesen. Den teoretiske prøven skal vere bestått før praktisk prøve kan avleggast.

 

Teoriprøven kan tidlegast takast 6 månader før du fyller 18 år.

Nyttig informasjon for elev og ledsager