For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Elevhistoriar

I dag starta det, eg møtte opp på Stord Trafikk sitt kontor, der møtte eg kjøreleraren min Ståle Halleråker.

 

Det tok ikkje mange minuttane før eg allerede satt der i førarsete. I dag skulle me begynna roligt på trinn 2 der me gjekk igjennom dei heilt vanlige tinga, giring osv. Eg fekk læra meg ein regel, som ståle kalla for SSS-regelen, der det var sittestilling, speil og setebelte, som eg alltid skulle gå igjennom før eg starta å kjøra.

 

Me begynte roligt og eg fekk venna meg til bilen og alt av knappar. Me begynte med rolig kjøring der eg lærte meg å tilpassa fart og gira skikkeligt.

 

Eg vart ferdig med trinn 2 med i løpet av 2. timen og det gjekk kjapt med trinn 3. Dette fordi eg øva mykje heima. Me var og på glattkjøring på NAF sin øvingbane i Tysvær, då var eg på tur med Ståle og med ein anna elev. Dette var kjempegøy og me hadde mykje latter og læring.

 

Eg var på langkjøring der me kjørte til Haugesund, dette var for å sjekka kor godt eg takla mange timar bak rattet. Eg merka veldigt at jo lengre eg kjørte jo mindre oppmerksom blei eg. Her fekk eg lært meg om økonomisk kjøring som og er ein viktig del.

 

Eg har hatt ein del teori, dette hjalp meg veldig. Eg fekk veldig god forståelse på ting. Eg hadde Ole Jacob i teori.

 

Alt i alt har eg hatt ei kjempefin tid med Stord Trafikk, eg har lært kjempemasse! Eg har hatt ein utruligt kjekk og flink kjørelerar. Og teori og oppkjøring gjekk sjølvsagt som ein leik!

 

 

Takk for meg!