For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Elevhistoriar

Min veg til førarkortet :-)

 

Namnet mitt er Hallvard Nord Waage, eg er no 18 år gamal og sitt den dag i dag med noko av det nydelegaste som finst, moglegheita til å reise heilt aleine når eg vil og kvar enn eg vil. Denne ferdigheita har eg fått gjennom å ta førarkort til klasse B, då altså bil. Det eg tenkte å skrive litt om no, er korleis eg fekk denne fantastiske evna og korleis eg ønsker du skal få denne fantastiske evna.

 

Det heile byrja då eg fylte 16 år. No var mopedlappen i boks og eg fekk endeleg lov til å setje meg bak førarrattet på min Lamborginii Gallardo LP 570-4 og cruise rundt på dei endelause vegane i Bømlo kommune. Heh… Neida, bilen eg no skulle få køyre var ein 10 år gamal Saab, som hosta kol svart eksos kvar gong ein trødde inn gasspedalen, og best av alt! Mor mi var nøydd til å vere med kvar einaste gong eg skulle ut og køyre for å sørgje for at eg ikkje gjor noko hakkande gale i trafikken. Som eg personleg ikkje syntest var så kult, men som eg visste var nødvendig. Mammen og pappen fekk i oppdrag å lære meg det grunnleggjande med bilen, korleis eg skulle starte den, korleis eg skulle bremse, korleis eg skulle gi gass,  korleis eg skulle ditt og korleis eg skulle datt, og etter tre månader var eg klar. Klar for min første køyretime.

 

Trafikkskulen Din, Invia, Sunnhordaland Trafikkopplæring… osv. Det var mange moglegheiter. Spørsmålet var, kva trafikkskule skulle eg velje? Vell, heldigvis slapp eg å ta noko val, ettersom eg har to systre som begge køyrer plettfritt og som begge har hatt den same trafikkskulen, var det jo sjølvsagt at tredje og siste mann i familie flokken, også måtte ta førarkortet gjennom denne skulen. Eg var relativt likegyldig for kva skule eg måtte lære meg å køyre på, så når pappen kom heim frå jobb og fortalde meg at han hadde skaffa meg plass på Stord Trafikk var den første tanken som slo meg «Ok» og ingenting meir. Den dag i dag, er eg evig takknemleg for at pappen tok dette valet for meg!

 

Den 21. mars 2016 kl. 09.28 stod eg utanfor Stord Trafikk sitt bygg og tenkte «er det ikkje her politistasjonen brukte å vere?» og kl. 09.30 møtte eg for første gong min køyre lærar, guden av alle gudar, Ståle Halleråker! Sjølv om eg aldri hadde møtt han før, kunne eg allereie seie at eg var i gode hender ved å berre handhelse på han. Han tilbydde meg kaffi, eg takka nei, me gjekk ned til bilen og eg fekk sjokk. Eg var vand med å køyre ein blikkboks av ein bil, ein bil der det hadde absolutt ingen betydning om den fekk ei lita ripe i lakken, ettersom den allereie hadde et par tusen. Og no, skulle eg plutseleg vere kaptein over ei skute til ein verdi av minimum 100 000 eller 500 000 kr?
No kjende eg at eg plutseleg fekk det man kalla for sommarfuglar i endetarmen… eller magen eller kva det no enn var. Men Ståle klarte på mystisk vis å lure meg inn i bilen likevel. Og då byrja han å teste den teoretiske kompetansen min som i verkelegheita ikkje eksisterte (der og då) rundt bil…


 «Dei tre S-ane Hallvard, kva er dei?» og eg, med min fantastiske humor prøvde jo sjølvsagt å lure meg bort i frå den seriøse stemninga, «Ehh… Sprit, spy og sex?». Svaret var jo sjølvsagt korrekt, Ståle vart eksepsjonelt fornøgd med meg, vart overbevist om at eg kunne gå rett i frå trinn 1 til 4 og eg fekk lappen på dagen. The End. 

 

Nei, faktum var at Ståle, på dei 2 skule timane me var ute å køyrde på, hadde lærte meg meir enn det eg har gjort på eit halvt år med vanleg skule. Eg var mektig imponert. Mora mi hadde skrytt av at køyrelærarane er nokon av dei beste pedagogane i landet, og no forstod eg kva ho meinte. Uansett kor dumme tabbar eg klarte å gjere som å kvele bilen midt i ei rundkøyring, nesten køyre på ein fotgjengar, køyre i 80 km/t i ei 50km/t sone, så klarte Ståle å lære meg korleis eg skulle unngå dette, utan at eg følte meg dum i etterkant, ein eigenskap som eg, ut ifrå erfaring, kan seie er svært sjeldan no til dags hos dagens lærarar. Førsteinntrykket mitt overfor skulen var altså… mildt sagt, veldig bra.

 

Så etter min første køyre time kunne eg allereie seie forsiktig til meg sjølv, at oppkøyringa, den skal bli null problem for meg, så lenge Stord Trafikk hadde meg på fanget.  Eg må forresten verkeleg skryte over lokalet deira også, denne kaffien som Ståle tilbydde meg kvar einaste bidige gong eg møtte til ein ny køyretime, kom ikkje i frå noko lusen gamal kaffitraktar. Nei den kom i ifrå eit beist av ein maskin med ca. 20 forskjellige varme drikkar, alt ifrå kakao til ja… no er ikkje eg akkurat den beste på sånne kaffinamn, men ein sånn… ehm… Latte Macchiato eller noko liknande. Poenget er, kaffien var veldig fancy og eg byrja å drikke kaffi med noko oppi! HøHø! Og eg kjende meg vaksen.

 

Elles var lokalet av førsteklasses kvalitet, stort, romsleg, fint og ikkje minst reint. Dei haldt forresten på med å pusse opp lokalet siste gongen eg var innom der, så kven veit kva dei har funne på no? :O

Det tok meg altså ca. 197 dagar frå og med den 21.03.2016 til eg endeleg kunne ta det kleine biletet der eg måtte «sitte på panseret på bilen» og smile til eg fekk krampe i ansiktet for så å skrive på Facebook «Lappen i boks». I løpet av desse 197 dagane har eg vore gjennom fleire køyretimar, langkøyring, glattkøyring eller det litt meir fancy namnet «Sikkerheitskurs på bane», bykøyring… osv. Med andre ord, i løpet av desse dagane hadde eg blitt det man kan kalle for ein ansvarleg sjåfør som køyrer sikkert, miljøvennleg og effektivt, alt takka vere Stord Trafikk.

 

Så, kvifor i adle dagar skal du velje Stord Trafikk som din køyreskule?

Well, heilt ærleg spør du meg, så er heller spørsmålet kvifor i adle dagar skulle du ikkje velje Stord Trafikk som din køyreskule? Dei har det definitivt beste mannskapet, altså dei beste lærarane, dei tilpassar tidspunkta for når du skal ha køyretime etter ditt behov, dei har nyleg oppgradert flåten sin, altså bilane sine, til heilt splitter nye Audi A3-ar. Prisane er ekstremt rimelege i forhold til utbyttet av køyretimane. Ja, og ein viktig ting til, eg kan personleg garantere deg at du klarer oppkøyringa plettfritt, men viktigast av alt, dei bryr seg om deg og ønskjer det beste for deg.

 

Lykke til med førarkortet, gjer som meg og la Stord Trafikk styre kursen, så kan du lene deg tilbake, slappe heilt av og berre glede deg til dagen du skal ha oppkøyring, for då skal du vise sensoren korleis ein ekte sjåfør køyrer bil.  Amen.

 

Forresten allereie etter 10 minuttar med ein kompis i baksetet mens eg køyrde, sa han følgjande:
«Eg har sitte på med mange andre kompisar, vaksne og foreldre når dei køyrer, men eg kan allereie seie at eg ikkje kjenner nokon andre som køyrer så fint som deg!».